Kulturminne

På Rullestad og området rundt finn ein mange kulturminne. Kulturminna våre representerer nasjonale verdiar. Dei synlege uttrykka for livsformer i eldre tider hjelper oss til å oppleva fortida, dei skaper forståing for samanhengen mellom generasjonane og forklarar vår eiga tid sitt levesett. Rullestad har ein særleg rik kulturarv å forvalta i alle dei spora som finst att frå tidlegare tider.

Jettegrytene:

I siste istid laga vatnet og isen djupe holer i fjellet. Dette er kalla jettegryter. I Rullestadjuvet finn ein nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa. Tilkomsten til jettegrytene går frå Skromme

Postvegen:

Gjennom Rullestadjuvet går postvegen mellom aust og vestlandet. Denne vart bygd på 1800 talet og vart nytta fram til ny veg vart bygd på byrjinga av 1900 talet. Gjennom Rullestajuvet er denne vegen godt bevard, men er utrasa eit par stader. Det er planar om å fikse vegen slik at den på ny vert farbar.

Steingardar:

På Rullestad finn ein bevarte steingardar. I gamle dagar vart slike gardar laga av stein som vart mura opp ved nydyrking. Steingardane vart ofte grensa mellom teigar og grensa mellom innmark og utmark.

Styvingstre:

Ved Halvfjordingen finn ein ei samling av ca 30 styvingstre. Desse vert skjøtta på den gamle måten. Ca kvart 5 år vert greinene på asketrea saga av og nye greiner veks ut og lagar rein krans av lauv.

Stølar:

Gardane på Rullestad hadde før eit aktiv stølsliv. Om sommaren vart dyra flytta til støls. Her vart det produsert ost og smør som vart transportert tilbake til bygda.

Langfoss:

Ved Åkrafjorden finn ein Langfoss. Fossen vart kåra til verdas vakraste foss av ein amerikansk nettstad. I tillegg kåra leserane til Haugesunds Avis fossen til den finaste turistattraksjonen i distriktet.

Lars Hertervig:

Lars Hertervig (16. februar 1830–6. januar 1902). Han vart fødd i 1830 på Borgøy i Tysvær kommune, men voks for det meste opp i Stavanger, der han seinare døydde. Hertervig var plaga av sinnslidingar heile livet, noko som gjorde han fattig og ukjend som målar.

Kunsten hans er blitt gjenoppdaga i moderne tid, og har inspirert ei rekke samtidskunstnarar. Hertervig drog til akademiet i Düsseldorf i 1852 for å gå i lære hjå Hans Gude. Arbeida hans frå 1860-åra er særleg merka av sjukdommen hans. Trea har forvilla, fantastiske former, klippene og skyene har ofte blokkaktige former.

I tida etter at Hertervig kom attende frå Dusseldorf, budde han i periodar på Rullestad. Nokre av hans mest kjende verk er måla etter motiv herfrå. For eksempel ”Gamle furutrær” og “Rullestadjuvet”.