Rullestad ligg mellom vakre fjell inst i Åkrafjorden. Naturen rundt er som skapt for den som set pris på friluftsliv og aktiv fritid. Det er mange fine turløyper i området og bygda ligg i starten av Haugesund Turistforening sine merka turløyper i indre Etnefjellet. Rullestad er inngangen til Åkrafjorden Landskapspark og ligg tett inntil Folgefonna Nasjonalpark. I bygda er det mange kulturminne som er verd eit besøk. Opp Rullestadjuvet går postvegen som vart bygd på 1800 talet. I tillegg går gamle E-134 gjennom den ville naturen i Rullestadjuvet. Her finn ein også nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa.  På Halvfjordingen på Rullestad kan ein overnatte i høgstandard utleigehytter. Ein kan også overnatte i bubil/campingvogn eller telt på tilrettelagd oppstillingsplass. For dei som er glad i vakker natur, frisk luft og som likar å bruke kroppen sin er Rullestad verdt eit besøk.


Etter studie tida i Dusseldorf budde Hertervig i periodar på Rullestad, og måla nokre av sin mest kjende verk herfrå. For eksempel ”Gamle furutrær” og “Rullestadjuvet”.


På Seljestad og i Røldal som ligg 15-20 min med bil frå Rullestad finn ein moderne anlegg for alpint og langrenn. Røldal Skisenter er vidt kjend for sine gode snøtilhøve og er ein polpulær stad for dei som driv ekstrem alpinsport. På Seljestad finn ein FIS-godkjend anlegg for langrenn. Il. Korlevoll preparerer fine løyper innover i fjellet.